Kveldulv Bjalvesson (norrønt Kveld-Úlfur) var ein norsk bygdehovding og skald som levde på slutten 800-talet. Ein reknar med at han vart fødd omkring 820 og døydde omkring 890.

Norrøne kjelder Han er nemnt i den islandske landnåmaboka,Landnåmaboka (kafli 18 og 19) frå snerpa.is men flest opplysningar om han finn ein i Egilssoga.Egilssoga omsett av Leiv Heggstad (Samlaget 1962) Der blir det fortalt at han i røynda heitte Ulv (Úlfur Bjálfason) men vart kalla Kveldulv fordi han om kveldane vart mannsstygg og ikkje tilsnakkande. Folk sa at han kunne skifte ham (han var hamrammr).

Familie Far hans var Bjalve (Brunda-Bjalve) i Fjordane (Firdafylke) og mor hans var Hallbera Ulvsdotter frå Ramsta i Namdalen. Han var gift med Salbjørg, dotter til Berle-Kåre (Kåre Vemundsson) på Bremanger. Brørne hennar var Øyvind LambeØyvind Lambe var farfar til skalden Øyvind Skaldespiller, lendmann på Sandnes i Alsta, og skalden Olve Nuva.

Kveldulv hadde to søner: Torolv og Grim. Torolv Kveldulvsson vart ein mektig hovding i Hålogaland, nemnd som lendmann og hirdmann hos kong Harald Hårfagre. Han vart gift med Sigrid,Hovdingsetet på Sandnes Om Bård Kvite, Torolv Kveldulvsson og Sigrid Sigurdsdotter. dotter åt den mektige Sigurd herse på Sandnes.

Grim Kveldulvsson vart kalla Skallagrim av di han skal ha blitt tidleg skalla, og han var gift med Bera Yngvarsdotter. Han var landnåmsmann og ein av dei første nordmennene som busette seg på Island.Skallagrim Kveldulvsson var far til skalden Egil Skallagrimsson

Liv og lagnad I Egilssoga blir det fortalt om Kveldulv at han var stor og sterk og rik på jord og lausøyre. I ungdommen låg han ute i viking og herja og truleg hadde han heimstaden sin i Firdafylke. Han fekk lendmanns rett, slik forfedrane hans hadde hatt, og han var ein mektig mann.

Kveldulv var blitt ein gamal mann på den tida då kong Harald Hårfagre var i ferd med å gjere seg til herre over Vestlandet. Han ville ikkje gi støtte til kongen, men han ville heller ikkje gi støtte til motstandarane hans og sa at han ville heller sitje heime og lat vere å tene kongar. Han let likevel sonen Torolv fare til kong Harald for å bli mannen hans, og slik fekk Kveldulv leve i fred.

Torolv Kveldulvsson var med i slaget i Hafrsfjord og han var i byrjinga vel omtykt av kong Harald. Men seinare vart det usemje mellom dei og kongen drap Torolv. Det er etter denne hendinga Kveldulv gjorde diktet nedanfor,Lausavise av Kveldulv Bjalvesson, omkring år 878 (Skaldic Project) det einaste skaldeverset ein kjenner etter han: Nú frák norðr í eyju, (norn erum grimm) til snimma Þundr kaus þremja skyndi, Þórólf und lok fóru; létumk þung at þingi Þórs fangvina at ganga, skjótt munat hefnt, þótt hvettimk hugr, malm-Gnáar brugðit.Tidend tung eg frette, Torolv der nord er fallen, eg fekk usæl lagnad, Odin krov han ovsnart. Alder tyngjer; inkje eg evlar sverd å bera. Hemnen vart ikkje lett om hugen eggja meg. (norsk omsetjing, etter Egilssoga s. 49)

Kveldulv og Skallagrim fór til kong Harald og ville ha bot for drapet på Torolv, men kongen sa nei. Dei tok då hemn for mordet og drap meir enn femti av kong Harald sine menn, mellom dei to av kong Harald sine frendar, brørne som Egilssoga kallar Hallvard Hardfare og Sigtrygg Snarfare. Skallagrim gjorde dette diktetLausavise av Skallagrim Kveldulvsson (Skaldic Project) om hendinga:Det er ein teori om at det i røynda var Egil Skallagrimsson som gjorde diktet til ære for far sin. Nú's hersis hefnð við hilmi efnð, gengr ulfr ok ǫrn of ynglings bǫrn; flugu hǫggvin hræ Hallvarðs á sæ; grár slítr undir ari Snarfara.No hemnar-hand på Harald vann; åt ulvetonn ligg ynglings born; eg Hallvard heiv, i hav han bleiv, grådig are et Snarfare (norsk omsetjing, etter Egilssoga s. 55)

Deretter rusta dei ut to skip, og far og son siglde til havs for å fare til Island. Kveldulv vart sjuk under sjøferda og døydde før skipet hans kom til lands og Egilssoga fortel då at han vart lagt i ei kiste og kasta på sjøen. Kista skal deretter ha drive i land på Island. Skallagrim fann seinare kista og der bygde han ein gard som vart kalla Borg (Borg á Mýrum) og fjorden og heradet gav dei namnet Borgarfjord. Det var på denne garden at sonesonen til Kveldulv, skalden Egil Skallagrimsson, vart fødd om lag år 910.

Notar

Referansar

Bakgrunnsstoff Kveldulv Store norske leksikon. Kveldulv Norsk biografisk leksikon, bind 8 side 106. Riksombudsmenn i Nord-Norge 850-1350 Trond Gabrielsen 2007.

Kategori:Norske skaldar Kategori:Folk frå vikingtida Kategori:Nordmenn frå norrøn tid