Viktor Ivanovitsj Kositsjkin () var ein russisk skeiseløpar frå Rybnoje som representerte Sovjetunionen. Han vart olympisk meister på 5 000 meter i 1960, europameister 1961 og verdsmeister 1962.
Kositsjkin debuterte internasjonalt i 1959. Under Vinter-OL 1960 i Squaw Valley i USA vann han 5 000 meter framom norske Knut Johannesen, på 10 000-meteren bytta dei plass på sigerspallen så Kositskjin vart både gull- og sølvvinnar. I 1961-sesongen vart han sovjetisk meister og europameister på skeiser, under verdsmeisterskapen 1961 i Göteborg vart han overraskande slått av nederlendaren Henk van der Grift og enda på andreplassen.
mini|Sovjetisk frimerke frå 1962 Under VM 1962 i Moskva vann Kositsjkin ein klar siger, men vart same sesongen nummer to i den nasjonale meisterskapen i Gorkij. I OL-sesongen 1964 vart han andremann både i sovjetmeisterskapen i Sverdlovsk og i VM i Helsinki. Vinteren 1965 kom han på bronseplassen både ved EM i Göteborg og i den nasjonale meisterskapen i Gorkij. Han la opp etter 1966-sesongen.
Kositsjkin budde i Moskva og døydde der, 74 år gammal.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Viktor Kositsjkin» frå , den 14. november 2016.
Kategori:Sovjetiske skeiseløparar Kategori:Olympiske meistrar for Sovjetunionen Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Sovjetunionen Kategori:Olympiske meistrar i lengdeløp på skeiser Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar i lengdeløp på skeiser Kategori:Verdsmeistrar i lengdeløp på skeiser – Allround Kategori:Europameistrar i lengdeløp på skeiser – Allround Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1960 Kategori:Sovjetiske deltakarar under vinter-OL 1960 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 1960 Kategori:Sovjetiske deltakarar under vinter-OL 1964 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 1964