Harold Bradley (), òg kjend som Harold Ray Bradley, er ein USA-amerikansk country- og popgitarist og entreprenør.
Biografi Bradley var fødd i Nashville i 1926 og spelte banjo som barn før han byta til gitar etter råd frå den eldre broren, Owen. Owen fekk Harold med på turné med Ernest Tubb medan Harold framleis gjekk på vidaregåande skule. Då han var ferdig på skulen gjekk Bradley inn i marinen, og så på college i Nashville, der han studerte musikk. Han akkompagnerte Eddy Arnold og Bradley Kincaid på Grand Ole Opry. Den første innspelinga hans i studio var med Pee Wee King and the Golden West Cowboys i 1946.
I 1954 bygde Owen og Harold Bradley Film and Recording Studios, seinare kalla Quonset Hut, som var den første musikkføretaket på det som i dag vert kalla Music Row. Bradley spelte som studiomusikar inn i 1970-åra, og spelte på hundrvis av album med countrystjerner som Patsy Cline, Willie Nelson, Roy Orbison, Elvis Presley og Slim Whitman. Han spelte òg bassgitar på fleire plater, og brukte ein «tic-tac»-metode for å dempe bassen. I følgje magasinet Guitar Player, er Bradley den mest innspelte gitaristen i verda og han var medlem av Nashville A-Team, som vart innlemma i Musicians's Hall of Fame i 2007. Harold spelte inn tre album som popgitarist på Columbia Records, «Misty Guitar», «Guitar for Lovers Only» og «Bossa Nova Goes to Nashville» i 1960-åra.
Frå 1991 til 2008 var Bradley direktør i Nashville-avdelinga av American Federation of Musicians (AFM). Bradley vart innlemma i Country Music Hall of Fame i 2006, slik broren Owen vart før han. I 2010 fekk Harold Trustees Award under Grammyprisutdelinga.
Sjå òg The Nashville A-Team
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Harold Bradley» frå , den 27. november 2016. oppgav desse kjeldene: [ Harold Bradley] at Allmusic
Kategori:USA-amerikanske studiomusikarar Kategori:USA-amerikanske countrygitaristar Kategori:USA-amerikanske gitaristar Kategori:Musikarar frå Tennessee Kategori:Country Music Hall of Fame Kategori:Medlemmar av Country Music Association Kategori:Musikarar frå Nashville