Nesøya-ulukka var ei flyulukke i nærleiken av eit bustadområde på Nesøya i Asker kommune 14. april 1963 klokka 13:18. Flyet hadde åtte passasjerar og eit mannskap på fire. Alle 12 omkom. Ingen på bakken vart skadd.
Flyet var eit Vickers Viscount 759D-fly frå Icelandair, Flugfélag Íslands, TF-ISU, «Hrimfaxi». Det var på veg frå Kastrup i rute til Reykjavík via Oslo og Bergen, og var under innflyging til Oslo lufthamn, Fornebu, då ulukka skjedde.
Årsaka til havariet Havarikommisjonen var ikkje i stand til å kunne stadfesta kva som var årsaka til ulukka. Ein gjekk ut frå at kapteinen mista kontrollen over flyet i så låg høgd under innflyginga til Fornebu at det ikkje lét seg gjera å korrigera høgda. Kommisjonen meinte at det kunne ha danna seg is på stabilisatorrora, eller at propellane hadde vorte stilt inn på lågaste stigingsvinkel. Av dei to hypotesane meinte kommisjonen at den siste hypotesen var svakt meir sannsynleg enn den første.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Nesøya-ulykken» frå , den 29. november 2016.
Referansar
Kategori:Luftfartsulukker i Noreg Kategori:Noreg i 1963 Kategori:Asker kommune