Raudhovudvarslar (Lanius senator) er ein fugl i varslarfamilien som hekkar i Sør-Europa, Midt-Austen og Nordvest-Afrika, og overvintrar i tropisk Afrika. Han hekkar i ope dyrka land, fortrinnsvis med frukttre, eik, furu eller poppel.
Skildring Hannen er ein iaugefallande fugl med svart og kvit overside, ei kastanjefarga krone og klår kvit underside. Underarten L. s. badius i det vestlege Middelhavet manglar dei store kvite vengeflekkene som er synlege i flukt på nominatforma. Hofuglar er litt mattare i farger enn hannar og er mørk brungrå på ryggen der hannar er svarte. Unge fuglar har fjørdrakt som skil seg med lysare og gråare farger. Denne trekkfuglen er ein mellomstor sporvefugl, kroppslengda er 18–19 centimeter og vekta 21–59 gram. Hovudet er stort og det mørke nebbet har ein nedbøygd tupp.
Utbreiingsområdet for hekking strekkjer seg frå Portugal til Hellas, Tyrkia, Irak og Iran, og frå Mauritania og Vest-Sahara i Nord-Afrika til Libya. Raudhovudvarslarar overvintrar i eit belte som femnar om Sahel, utvida sør til Etiopia og nordvestre Kenya i aust og Gabon i vest.
Føda er insekt, småfuglar og amfibium. Som andre varslarar jaktar han frå framstikkande greiner, og fester byttedyr på tornar eller piggtråd som eit «spiskammer». Under vårtrekket flyg denne arten ofte forbi hekkeområdet, og er ein sjeldan gjest til Noreg.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Woodchat Shrike» frå , den 4. desember 2016.
Referansar
Bakgrunnsstoff
kategori:varslarfamilien Kategori:Streiffuglar i Noreg