Mona Dahle Sivertsen () er ein norsk tidlegare handballspelar frå Trondheim. Ho vann OL-sølv 1992 og bronsemedalje i både VM 1993 og EM 1994.
I sine unge år var Dahle medlem av Trolla IL og deretter Vestbyens IL. År 1990 melde ho overgang til Byåsen IL, det då fremste handballaget i Trondheim. Ho spelte på Byåsen Idrettslag heilt til ho reiste til Refstad/Veitvedt i 1994, så vidare til Stabæk IF og var aktiv for laget frå Asker i nokre få sesongar.
Mona Dahle landslagsdebuterte 30. juni 1991 mot Danmark. Ho var så med i alle meisterskaps-turneringane frå Sommar-OL 1992 til og med Sommar-OL 1996. Under OL 1992 i Barcelona fekk ho sølvmedalje, men var ein av dei som ikkje fekk spele finalen. Både i handball-VM 1993 på heimebane og EM 1994 i Berlin deltok ho då Noreg vann respektive bronsefinalar mot høvesvis Romania og Ungarn. Ho var også med då Noreg tapte bronsekampane under handball-VM 1995 og Atlanta-OL 1996. Gjennom åra deltok ho i 114 landskampar og skåra 151 mål.
Merittar OL 1992: Sølvmedalje etter 21–28 mot Sør-Korea VM 1993: Bronsemedalje etter 20–19 mot Romania EM 1994: Bronsemedalje etter 24–19 mot Ungarn VM 1995: Nr 4 etter 24–25 mot Danmark OL 1996: Nr 4 etter 18–20 mot Ungarn EM 1996: Sølvmedalje etter 23–25 mot Danmark
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Mona Dahle» frå , den 8. desember 2016.
Kategori:Norske handballspelarar Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Noreg Kategori:Spelarar i Handball-VM 1993 for kvinner Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1992 Kategori:Norske deltakarar under sommar-OL 1992 Kategori:Handballspelarar under sommar-OL 1992 Kategori:Norske deltakarar under sommar-OL 1996 Kategori:Handballspelarar under sommar-OL 1996 Kategori:Folk frå Trondheim