Elvis Country (I'm 10,000 Years Old) er eit studioalbum av Elvis Presley, gjeve ut på RCA Records i januar 1971. Det vart spelt inn i RCA Studio B i Nashville, og nådde 12. plassen på Billboard 200. Det gjekk opp til sjetteplassen på albumlista i Storbritannia og selde over ein million eksemplar verda over. Det selde til gullplate i USA 1. desember 1977. Merk: Søk på «Elvis Country»

Den første singelen frå albumet, «I Really Don't Want to Know» med B-sida «There Goes My Everything», vart gjeven ut 8. desember 1970 og nådde 21. plassen på Billboard Hot 100, andreplassen på Adult Contemporary-lista og 23. plassen på countrylista.

Songar Det meste av albumet vart spelt inn på fem dagar i juni 1970, då det vart spelt inn i alt 35 songar. Presley spelte inn kvar song på direkten, i lag med bandet, slik det var vanleg for han. Åtte songar frå innspelinga var gjeve ut to månader tidlegare, i november 1970, på That's the Way It Is. Under innspelinga innsåg Presley og produsenten Felton Jarvis at dei hadde fleire countrysongar og valde å spele inn fleire for å skape eit heilt album med countrymusikk. Dei trong to songar til, og Presley gjekk inn att i studio i september og spelte inn «Snowbird» og ein manisk versjon av «Whole Lotta Shakin' Goin' On».

Utdrag av songen «I Was Born About Ten Thousand Years Ago» fungerte som mellomspel mellom kvar song.

Etter dette albumet gjekk Presley attende til å spele inn tilsynelatande tilfeldige utvalde songar, som han let produsenten setje saman til eit album.

Innhald

Originalutgåve

Utgåva frå 2000 med bonusspor

Legacy-utgåva frå 2012

Medverkande

Elvis Presley – vokal, gitar James Burton – gitar Chip Young – gitar Eddie Hinton – gitar Harold Bradley – gitar David Briggs – klaverinstrument Norbert Putnam – bass Jerry Carrigan – trommer Farrell Morris – perkusjon

Weldon Myrick – pedalsteelgitar Bobby Thompson – banjo på «Little Cabin on the Hill» Buddy Spicher – fele på «Little Cabin on the Hill» The Imperials Quartet – korvokal The Jordanaires – korvokal på «Funny How Time Slips Away» og «Make The World Go Away» Joe Babcock – korvokal Millie Kirkham – korvokal Mary Holladay – korvokal Ginger Holladay – korvokal

June Page – korvokal Sonja Montgomery – korvokal Dolores Edgin – korvokal Mary Greene – korvokal Temple Riser – korvokal Cam Mullins – strykearrangement Don Tweedy – strykearrangement Bergen White – blåsearrangement

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Elvis Country (I'm 10,000 Years Old)» frå , den 23. januar 2017. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Musikkalbum frå 1971 Kategori:Elvis Presley-album Kategori:Album produserte av Felton Jarvis Kategori:RCA Records-album Kategori:Engelskspråklege album