Zahir-ud-din Mohammad Babur (), kjend som Babur, var ein sentralasiatisk herskar av Fergana som erobra store område og grunnla det indiske Mogulriket.

Etter slaget ved Panipat i 1526 og sigeren over Rana Sangram Singh av Mewar året etter, herska han over eit rike som strekte seg frå Oxus til Bengal.

Babur skreiv memoara sine på tsjagatai-tyrkisk. Han skreiv også poesi både på tyrkisk og persisk, og etterlét seg ei lærebok i metrikk og retorikk.

Kjelder

Kategori:Stormogular