Peder Klykken () var ein norsk sorenskrivar og stortingsmann frå Overhalla.
Klykken var son til ein klokkar og gardbrukar i Overhalla. Han vart i 1802 uteksaminert jurist i norsk og arbeidde som kopist og/eller konstituert i ulike embete i seksten år. Frå 1809 til -18 var han sorenskrivar i Lofoten og Vesterålen, busett i Hadsel. Der etter var han sorenskrivar 1818-29 i Inderøy og 1829-49 i Stjørdal og Verdal.
Klykken representerte Nordlands amt på Stortinget 1818 og Nordre Trondhjems amt i 1827 og på Omframtstortinget 1828. Til Omframstortinget 1822 møtte han som varamann for Ola Olsson Lånke frå 23. oktober. I 1818 var han sekretær i Odelstinget og medlem i elleve komitear, mellom dei formann i Likningskomiteen for Nordlands stift. På 1827-stortinget var han visesekretær i Odelstinget og sekretær i komiteen om skattestellet, budsjettet og brennevinsbrenninga og medlem i komiteen om reinskysslova og kanalanlegg i Helgeland. I 1818 var Klykken med i den deputasjonen Stortinget sende til kryninga av kong Karl Johan i Trondheim.
Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914 Klykkenslekta i Overhalla. 1964.
Kategori:Stortingsrepresentantar 1818-1820 Kategori:Stortingsrepresentantar 1821-1823 Kategori:Stortingsrepresentantar 1827-1829 Kategori:Stortingsrepresentantar for Nordland Kategori:Stortingsrepresentantar for Nord-Trøndelag Kategori:Norske sorenskrivarar Kategori:Folk frå Overhalla