Martin Magnus Skaaren () var ein norsk fiskar, småbrukar, ordførar og stortingsrepresentant for Høgre frå Hitra.
Skaaren var son til ein og fiskar og småbrukar. Han byrja sjølv fiskje i 1920 og i 1927 tok også over småbruket etter faren og dreiv det i fleire tiår.
Skaaren var medlem i skulestyret i Kvenvær kommune frå 1931 og i kommunestyret frå 1934, to verv som han hadde til 1961. Han var varaordførar i Kvenvær 1937-45 og sidan ordførar 1945-61. Attåt var han formann i trygdenemnda 1937-58, kontrollnemnda 1939-63 og formann Fiskeristyret for Fosen frå 1940 til 1979.
I 1961 vart Skaaren vald inn i Stortinget som representant for Høgre i Sør-Trøndelag. Han vart attvald i 1965. Alle åtte åra på Stortinget var han medlem i Kommunalkomiteen. Han var der særleg engasjert i spørsmål som vedkom folk langs kysten og i såkalla utkantområde.
Skaaren var medlem i landsstyret til Høgre 1959-62 og i Statens Friluftsråd 1966-73.
Kjelder Stortingsbiografi
Kategori:Stortingsrepresentantar for Sør-Trøndelag Kategori:Stortingsrepresentantar frå Høgre Kategori:Stortingsrepresentantar 1961-1965 Kategori:Stortingsrepresentantar 1965-1969 Kategori:Ordførarar i Kvenvær Kategori:Høgreordførarar i Sør-Trøndelag Kategori:Norske fiskarar Kategori:Norske gardbrukarar Kategori:Folk frå Hitra