mini|Utsyn frå Ljøen ved Sunnylvsfjorden. Lundanes ligg på neset til venstre, ved innløpet til Geirangerfjorden. mini|Hurtigruta passerer Lundanes, på veg ut frå Geirangerfjorden. Lundanes, matrikkelgard nr 104 i Stranda kommune, er ein nedlagt fjordgard ved Sunnylvsfjorden i Møre og Romsdal fylke.
LundanesGardsnamnet Lundanes er samansett av orda lund og nes. Det skal finnast berre tre gardar i Noreg med dette namnet. ligg på eit nes ved innløpet til Geirangerfjorden. Det har budd folk på staden i uminnelege tider og der er gjort funn som er blitt datert heilt attende til yngre steinalderLundanes eldst i fjorden Sunnmørsposten 23.09.2008. Garden er truleg den eldste i Sunnylven. Den eldste kjende brukaren er nemnt i 1603Sunnylven og Geiranger 2 : Gard og ætt (om Lundanes: side 445-448) Stranda sogelag 1993..
Ein reknar med at gardstunet i gamal tid låg oppe på «Halsen», ei flate om lag 70 moh, men seinare vart tunet flytta ned til sjøen, til nordsida av neset. Etter matrikuleringa i 1866 hadde garden 4 mål dyrka jord, utan om natureng og utslått, og dei vinterfora 5 storfe og 50 småfe. Tunet på Lundanes var rekna som skredsikkert, og det største problemet var dei harde vindtilhøva på staden. I 1903 tok vinden løa; ny driftsbygning vart sett opp, denne gongen godt festa med bardunar.
Lundanes hadde to setrar, den eine på øydegarden Robben og den andre høgt til fjells, i Robbedalen som ligg om lag 940 m over fjorden.
Den siste som budde på Lundanes var Ole Karl Pedersen Lundanes (1865-1930) og i 1922 selde han garden til oppsitjaren i Matvika. Husa på garden vart då fjerna, men i nyare tid er det blitt bygt ei hytte på staden.
Lundanes ligg i verdsarvområdet Vestnorsk fjordlandskapVerdsarv Vestnorsk Fjordlandskap som var innskrive på UNESCO si verdsarvliste den 14. juli 2005.
Notar
Referansar
Bakgrunnsstoff
Lundanes Naturbase, Miljødirektoratet. Lundanes Der nokon ville bu (artikkel av Oddvin Lundanes).
Kategori:Kulturminne i Stranda Kategori:Storfjorden på Sunnmøre Kategori:Gardar i Møre og Romsdal