Arvid Follevåg () er ein norsk rådmann. Han er fødd i Askvoll kommune. Follevåg vart utdanna ved Politiskulen, og gjorde teneste som politimann i Årdal, Naustdal og Fjaler, før han i 1970 vart formannskapssekretær i Fjaler kommune. Stillinga vart i 1975 endra til kontorsjef og seinare til rådmann. Follevåg var rådmann i Fjaler fram til 1998, då han tok eitt års engasjement som dagleg leiar for Hauglandssenteret.
Follevåg har hatt ei rad tillitsverv i Røde Kors og innan idrett på lokal- og fylkesplan.
I 2006 gav han ut historia om historia og utviklinga av Askvoll sentrum.
Bibliografi Bøker
I tidsskrift - eit utval Lokalhistoriske artiklar Sogn og Fjordane
Kjelder Om Arvid Follevåg i Fylkesleksikon Sogn og Fjordane
Kategori:Forfattarar frå Askvoll Kategori:Folk frå Askvoll Kategori:Norske sakprosaforfattarar Kategori:Forfattarar frå Fjaler