Jardar Lunde () var ein norsk målar og grafikar frå Trondenes i Troms.
Lunde var utdanna ved Carl von Hanno sin målarskule i Oslo og Statens kunstakademi under Axel Revold, som også inspirerte den kantete stilen hans. I 1930-åra reiste han til både Portugal, Spania og Frankrike for å studere kunst. Han laga fleire monumentale måleri og store glasmåleri, mellom anna i kyrkjer i Harstad, Hammerfest, Båtsfjord og på Torshov, i Gjøvik Rådhus og bankbygg i Svolvær og Trondenes. Lunde stod også for utforminga av fylkesmerket til Troms og byvåpenet til Harstad. «Sermerkt for L.s målarkunst er dekorativ form i figur- og landskapsbilete, mest frå Nord»land.
Lunde vart tildelt Petter Dass-medaljen i 1950 og er biografert i Asbjørn Eidnes si bok Jardar Lunde – ein nordnorsk kunstnarprofil (2005).
Kjelder Norsk Allkunnebok. VIII. Bandet. 1957 lokalhistriewiki
Kategori:Norske biletkunstnarar Kategori:Folk frå Harstad