Hauts-de-France ('Øvre Frankrike') er ein administrativ region i Nord-Frankrike. Regionen grensar til dei belgiske provinsane Vest-Flandern og Hainaut. I nord har han kyst mot Nordsjøen og i nordvest mot Den engelske kanalen. Lille er regionshovudstad.
Hauts-de-France blei skipa som region den 1. januar 2016 ved ei samanslåing av dei to tidlegare regionane Nord-Pas-de-Calais og Picardie. Regionen omfatter dei fem departementa Aisne, Nord, Oise, Pas-de-Calais og Somme.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Hauts-de-France» frå , den 29. oktober 2017.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Regionar i Frankrike Kategori:Skipingar i 2016