Hjalmar Løken () var ein norsk pressemann frå Vang i Hedmark, gift med Olaug Løken. Arne og Einar Løchen var brørne hans.

Løken vart cand.jur. i 1876 og arbeidde som overrettssakførar i hovudstaden frå 1879 og høgsterettsadvokat 1883. Åra 1885-90 var han redaktør i Dagsposten i Trondheim. Frå 1890 til 1918 redigerte han Norske Inteligenssedler i Kristiania, ei avis som under hans leiing hadde stor framgang og var viktigaste talerøyret for Venstre-partiet i hovudstaden.

Kjelder Norsk Allkunnebok. VIII. Bandet. 1957

Kategori:Norske juristar Kategori:Norske redaktørar