Arne Sæter () var ein norsk prest og politikar frå Surnadal som representerte Kristeleg Folkeparti på Stortinget perioden 1969-73.

Sæter var son til ein handelsmann. Han studerte til cand.theol. 1940 og tok praktikum året etter. Etter å ha vore reisesekretær i Trøndelag krins av Det norske misjonsselskap i 1943-44 var han ungdomssekretær 1945-1954. Åra 1955-58 arbeidde han som vikarprest i Nidaros bispedømme. Sidan var han sokneprest i Rindal til han døydde i 1973.

I Rindal var han med i kommunestyret frå 1960 til 1971, ordførar 1963-67. Perioden 1960-63 var han formann i skulestyret i Rindal. Hausten 1969 vart han vald til stortingsrepresentant frå Møre og Romsdal. På Stortinget var han sekretær i Kyrkje- og undervisningskomiteen. Dessutan var han dei tre fyrste sesjonane, 1969-72, sekretær i Lagtinget.

Kjelder Stortingsbiografi

Kategori:Stortingsrepresentantar 1969-1973 Kategori:Norske prestar Kategori:Folk frå Surnadal