Symra er ein leikarring i Bygdelagssamskipnaden i Oslo og Akershus stifta i 1960. Leikarringen driv hovudsakleg med norsk folkedans, særleg dansar frå Møre og Romsdal. Han driv også ein del med annan nordisk folkedans og med bunader og norsk folkemusikk.
Symra var opphavleg eit særlag i dei tre bygdelaga Sunnmøringen, Romsdalslaget og Nordmørslaget. I 1983 blei leikarringen eit sjølvstendig lag og dermed eit eige medlem i Noregs Ungdomslag.
Kjelder
Kategori:Leikarringar Kategori:Norsk folkedans Kategori:Noregs Ungdomslag Kategori:Organisasjonar i Oslo