Kaija Marja Mustonen () er ein finsk tidlegare skeiseløpar frå Helsinki som vart olympisk meister på 1500 meter i 1968.

Mustonen vart finsk meister sju år på rad, 1962-68. Internasjonalt slo ho gjennom i 1964-sesongen, då ho sikra seg sølv på 1500 m og bronse på 1000 m under Vinter-OL 1964 i Innsbruck, sidan kom ho på fjerdeplassen i skeise-VM. Fire år seinare gjekk ho sterke løp i alle distanseøvingane då vinterleikane 1968 fann stad i Grenoble, etter sjetteplass på 500 m vann ho gullmedaljen på 1500 meter og heldt fram med å verte nummer fire på 1000 m og avslutta med sølv på 3 000 meter.

Kjelder

Kategori:Finske skeiseløparar Kategori:Olympiske meistrar for Finland Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Finland Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Finland Kategori:Olympiske meistrar i lengdeløp på skeiser Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar i lengdeløp på skeiser Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar i lengdeløp på skeiser Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1964 Kategori:Finske deltakarar under vinter-OL 1964 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 1964 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1968 Kategori:Finske deltakarar under vinter-OL 1968 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 1968 Kategori:Folk frå Helsingfors