Walk, Don't Run er debutalbumet til The Ventures med coverversjonar av kjende songar og somme originale komposisjonar. Albumet kom ut i 1960.

Albumet vart spelt inn i 1959, men ingen plateselskap ville signere dei då, så dei starta opp Horizon Records og produserte det sjølv.

Albumet vart spelt inn i heimestudioet til Joe Boles i Seattle og det same vart det andre albumet deira, The Ventures. Albumet kom ut på Liberty-etiketten Dolton Records i desember 1960 og vart ein storseljar. Det nådde 11. plassen på Billboard-lista i USA og The Ventures fekk ei gullplate (den første av tre) for over 500 000 selde eksemplar.

Mottaking

I meldinga si for Allmusic skreiv Bruce Eder at albumet «er overraskande bra, med tanke på at det vart spelt inn i all hast i ei tid då alle visste at rock and roll-album (utanom dei frå Elvis Presley) ikkje selde særleg bra. At dette er så bra seier litt om klassen og talentet gruppa hadde så tidleg i karrieren».

Innhald

Medverkande Ventures Don Wilson – rytmegitar (solo på spor 4) Bob Bogle – sologitar og bass (bass på spor 2, 5, 7 og 8.) Nokie Edwards – bass og sologitar (solo på spor 2, 5, 7 og 8) Howie Johnson – trommer Skip Moore – trommer på spor 3 og 6.

Teknisk Bob Reisdorff – produsent Joe Boles – lydteknikar Garrett-Howard Inc – fotografi (framside) Pate/Francis & Associates – design av plateomslag

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Walk, Don't Run (album)» frå , den 26. februar 2018. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Debutalbum frå 1960 Kategori:The Ventures-album Kategori:Dolton Records-album