For Certain Because er det femte britiske studioalbumet til The Hollies og det andre i 1966. Dette var det første Hollies-albumet der alle songane var skrivne av medlemmane Allan Clarke, Graham Nash og Tony Hicks, og det første der dei ikkje brukte pseudonymet «Ransford». Dette var òg det første albumet deira med den nye bassisten Bernie Calvert.

For den nordamerikanske marknaden vart albumet kalla Stop! Stop! Stop! med eit anna omslag. Det kom ut i januar 1967 på grunn av den store suksessen til singelen «Stop Stop Stop». Det var det første Hollies-albumet der innhaldet var det same både i USA, Canada og Storbritannia. Det skjedde ikkje igjen før i 1970-åra. I tillegg brukte somme marknader tittelen Stop! Stop! Stop! då dei gav ut albumet, og i Storbritannia vart ei seinare utgåve av albumet kalla Stop! Stop! Stop!. I 1983 gav Liberty Records i USA ut albumet som Pay You Back With Interest utan songane «Stop! Stop! Stop!» og «High Classed».

Stop! Stop! Stop! var det siste nye albumet til The Hollies for Imperial Records i USA og for Capitol Records i Canada. Det neste albumet deira, Evolution, kom ut i USA og Canada på Epic Records.

Innhald

Medverkande Allan Clarke — vokal, munnspel Tony Hicks — sologitar, banjo, vokal Graham Nash — rytmegitar, vokal Bobby Elliott — trommer Bernie Calvert — bassgitar utanom på «Don't Even Think About Changing», piano Eric Haydock — bassgitar på «Don't Even Think About Changing» Mike Vickers — orkesterarrangement på «High Classed», «What Went Wrong» og «Crusader»

Kjelder Denne artikkelen bygger på «For Certain Because» frå , den 21. mars 2018. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Musikkalbum frå 1966 Kategori:The Hollies-album Kategori:Musikkalbum produserte av Ron Richards Kategori:Album spelte inn i Abbey Road Studios Kategori:Parlophone-album