Jimmie Åkesson () er ein svensk politikar, som frå 2005 er partileiar for Sverigedemokraterna. Han vart vald inn i Riksdagen i Sverige i 2010. Frå 1998 har Åkesson vore medlem av kommunestyret i Sölvesborg i Blekinge.

Jimmie Åkesson har som partileiar hatt betydeleg suksess. Ved riksdagsvalet i 2010 fekk Sverigedemokraterna 20 representantar, og ved valet i 2014 49 representantar (12,9 prosent av avgjevne røyster).

Åkesson har studert mellom anna statsvitskap, jus og økonomi ved Lunds universitet.

Kjelder

Kategori:Svenske politikarar