The Troggs er det femte studioalbumet til det engelske rockebandet The Troggs, gjeve ut 1975. Mellom dette albumet og det førre frå 1968, hadde bandet gjort to utskiftingar i besetninga. Den opphavlege bassisten Pete Staples slutta i 1969 og vart erstatta av Tony Murray og på ein turné i 1972-1973 tok Richard Moore over for Chris Britton på gitar. Albumet kom ut på det nye selskapet til manageren deira Larry Page, Penny Farthing.
Det inneheld fleire coverversjonar som «Good Vibrations» av The Beach Boys, «(I Can't Get No) Satisfaction» av The Rolling Stones og «Peggy Sue» av Buddy Holly, i tillegg til ein reggaeversjon av hitten deira «Wild Thing».
Innhald
Medverkande Reg Presley - vokal Ronnie Bond - trommer Tony Murray - bass Richard Moore - gitar Peter Green - akustisk gitar
Kjelder
Kategori:Musikkalbum frå 1975 Kategori:The Troggs-album