Hawizehmyrene er eit myrområde som ligg på grensa mellom Irak og Iran. Myrområdet får vatn frå to greiner av Tigris (Al-Musharrah og Al-Kahla) i Irak og Karkhehelva i Iran. Hawizehmyra er kritisk for at Qurna- og Hammarmyrene skal overleve. I lag dannar desse Dei mesopotamiske sumpene. Myrområda er tilfluktsstad for dyreartar som kan rekolonoisere eller reproduere seg i andre myrområde. Hawizehmyrene vert drenert av Al-Kassarah. Denne elva spelar ei kritisk rolle i å oppretthalde myrene som eit gjennomstrøymingssystem og hindrar dei frå å bli eit lukka saltvassbasseng.

Hawizehmyrene har vore busette i meir enn 5 000 år. Dei får vatn frå både Tigris og Eufrat i dagens Irak og Karkhenelva i dagens Iran. Sumparabarar lever her i Irak og hawizehfolket i Iran.

I det sørvestlege Iran og det søraustlege Irak, består Hawizeh- og Hammarmyrene av fleire småbyar. Desse byane i myrområda ligg på begge sider av landegrensa, og det er ikkje noko skilje her mellom dei to landa. Så folk kan flytta sseg mellom Irak og Iran med småbåtar. Byane i myrområda vart bygde på vatn og folk her lever særs enkle liv. Dei har hus bygde av siv utan elektrisitet eller bilar. Folket her livnærer seg av naturen.

Sjå òg Dei mesopotamiske sumpene Tigris-Eufrat-systemet

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Hawizeh Marshes» frå , den 22. april 2018. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Myrområde i Irak Kategori:Myrområde i Iran Kategori:Miljøproblem i Irak Kategori:Tigris Kategori:Shatt al-Arab-vassdraget Kategori:Ramsarstader i Irak