Korek (kurdisk Çîyay Korek; چیای کۆڕەک) er eit fjell i Irak, 50 km frå grensa til Iran.

Observatorium I 1973 gav president Ahmed Hassan al-Bakr ordre om å byggje Erbil observatorium, eit observatorium med tre teleskop.

Tidleg i 1980-åra arbeidde king 400 menneske på vegner av Baresel, Epple, Krupp, Liebher og Zeiss om å byggje dei tre teleskopa. Det delvis ferdige observatoriet vart øydelagt av iranske rakettar under den iransk-irakiske krigen.

Turisme mini|Korek Mountain Resort & Spa, kabelvogna|venstre Korek er eit turistmål med ein kring fire kilometer lang kabelvogn frå Bekhal til toppen av Korek. Her finst 132 villaer, og fleire restaurantar og kafear. Om sommaren er det ein plass med behagelege temperaturar og om vinteren vert det omgjort til ein vinterspotstad.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Mount Korek» frå , den 24. april 2018. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Fjell i Kurdistan Kategori:Fjell i Irak Kategori:Turistmål i Irak