«Figure of Eight» er ein song av Paul McCartney frå 1989 på albumet Flowers in the Dirt. Etter albumet var ferdig, spelte McCartney inn ein ny versjon av songen for singel med det nyoppretta turnébandet sitt. Singelversjonen er uvanleg sidan han er nesten to minuttar lengre enn albumversjonen. Som regel er det motsett. Singelen nådde 42. plasen på UK Singles Chart og 92. plassen på Billboard Hot 100 i USA.

«Figure of Eight» var opningssongen på verdsturneen til McCartney i 1989-1990. Eit opptak frå Rotterdam den 10. november 1989 kom ut på konsertalbumet Tripping the Live Fantastic.

Den offisielle musikkvideoen for songen vart regissert av Andy Morahan.

Innhald

7"-singel «Figure of Eight» «Où Est le Soleil?»

12"-singel «Figure of Eight» «This One» (Club Lovejoys mix)

12"-singel «Figure of Eight» «Où Est le Soleil?» (remix by Shep Pettibone) «Où Est le Soleil?» (Tub Dub mix) (remix by Pettibone)

CD-singel «Figure of Eight» «The Long and Winding Road» «Loveliest Thing»

3" CD-singel «Figure of Eight» «Rough Ride» «Où Est le Soleil?» (7" mix)

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Figure of Eight (song)» frå , den 23. mai 2018. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Songar frå 1989 Kategori:Singlar frå 1989 Kategori:Paul McCartney-songar Kategori:Musikkvideoar regisserte av Andy Morahan Kategori:Parlophone-singlar Kategori:Songar produserte av Ross Cullum Kategori:Songar produserte av Chris Hughes Kategori:Songar produserte av Paul McCartney Kategori:Songar skrivne av Paul McCartney