Unplugged (The Official Bootleg) er eit akustisk konsertalbum av Paul McCartney, spelt inn og gjeve ut i 1991. Det kom ut etter ein omfattande turné og konsertalbumet Tripping the Live Fantastic. McCartney fekk høve til å framføre songane i eit enkelt og akustisk arrangement for MTV Unplugged. McCartney vart slik den første i ei lang rekkje artistar som gav ut slike akustiske album.http://www.history.com/this-day-in-history/mtv-unplugged-premieres

Framføringa I motsetnad til andre artistar som spelte på showet med akustiske instrument plugga til forsterkarar (som skapte lyden ein høyrde), var instrumenta til McCartney heilt fråkopla. Mikrofonar vart nøye sett opp nær gitarar, piano osv. for å fange lyden.

McCartney brukte den same besetninga som nyleg hadde spelt for han på turneen (utanom Blair Cunningham som hadde erstatta Chris Whitten), og brukte høvet til å børste støv av nokre av dei sjeldnare songane sine, inkludert tre songar frå debutplata hans i 1970, McCartney, i tillegg til fleire coverlåtar og nokre kjende Beatles-songar.

Utgjeving Med McCartney i ei laus og ledig framføring, vart Unplugged (The Official Bootleg) varmt motteke av kritikarane.

Dei første utgåvene av albumet var avgrensa og nummererte. Seinare på 1990-talet kom albumet ut meir permanent. Då det kom ut første gongen nådde albumet sjuandeplassen på den britiske albumlista og 14. plassen i USA, den høgaste plasseringa hans der på nesten ti år.

Innhald

Medverkande Paul McCartney – akustisk gitar, vokal, trommer på «Ain't No Sunshine» Linda McCartney – indisk harmonium, perkusjon, harmonivokal på «And I Love Her» Hamish Stuart – akustisk bassgitar, akustisk gitar og solovokal på «And I Love Her» og «Ain't No Sunshine» Robbie McIntosh – akustisk gitar, dobro, vokal, piano på «Ain't No Sunshine» Paul «Wix» Wickens – piano, klaverinstrument, trekkspel, perkusjon, vokal, akustisk bass på «Ain't No Sunshine» Blair Cunningham – trommer, perkusjon, vokal

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Unplugged (The Official Bootleg)» frå , den 23. mai 2018. oppgav desse kjeldene:

Mccartney, Paul Kategori:Paul McCartney-album Kategori:Konsertalbum frå 1991 Kategori:Parlophone-album