«Freedom» er ein song skriven og spelt inn av Paul McCartney som svar til 11. september-åtaka i 2001. McCartney var på veg til New York City då åtaka skjedde og vart vitne til hendinga frå flysetet på eit fly som stod på bakken på John F. Kennedy Airport i New York City.
Utgjeving Songen vart gjeven ut i to versjonar: ein singel, kalla studioversjonen (spelt inn i Quad Studios i New York), og ein på McCartney-albumet Driving Rain, kalla konsertversjoen. Eric Clapton spelar sologitar på begge versjonar medan turnébandet til McCartney spelar resten av instrumenta. Det vart òg lagt til ekstra lydspor frå studio til konsertversjonen. McCartney ønskte at amerikanarane skulle hjelpe medborgaran sine ved å kjøpe «Freedom», og donerte alle inntektene frå songen til offera etter 11. september. Han skreiv òg ut anonyme sjekkar til fleire skadde politifolk i New York for å hjelpe dei å bli friske att.
Innhald
Medverkande Paul McCartney – vokal, akustisk gitar, bassgitar Rusty Anderson – rytmegitar Eric Clapton – sologitar Abe Laboriel, Jr. – trommer
Salslister Liste (2002)PlasseringBrasil (ABPD)75Romania (Romanian Top 100)61
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Freedom (Paul McCartney song)» frå , den 26. mai 2018. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:Paul McCartney-songar Kategori:Singlar frå 2001 Kategori:Musikk om 11. september-åtaka Kategori:Songar skrivne av Paul McCartney Kategori:Songar frå 2001 Kategori:Capitol Records-singlar Kategori:Songar produserte av David Kahne