Nawal El Moutawakel () er ein marokkansk tidlegare friidrettsutøvar som vart olympisk meister på 400 meter hekk. Sidan 1990-åra har ho hatt leiande posisjonar i idrettsorganisasjonar og vore sportsminister i Marokko.

Aktiv Moutawakel vann både korthekken og langhekken ved afrikameisterskapen 1982 i Kairo. Ho deltok året etter i begge øvingane under den fyrste verdsmeisterskapen i friidrett, der ho i langhekktevlinga tok seg til semifinalane og på korthekken rauk ut allereie i forsøket.

Under OL 1984 i Los Angeles gjorde Moutawakel sitt livs løp på 400 m hekk og tok den olympiske gullmedaljen på tida 54,61 sekundar. Ho vart dermed den fyrste kvinna frå eit muslimsk land som vart olympisk meister. I 1987-sesongen sigra ho på langhekken både i universiaden og middelhavsleikane, men gjorde eit svakt løp i verdsmeisterskapen og forsvann frå den internasjonale idrettsarenaen.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap VM 1983 i Helsinki: Utslått i semifinalane i 400 m hekk (57,10 =nr 12) OL 1984 i Los Angeles: Gullmedalje i 400 m hekk – 54,61, framom Judi Brown (55,20) VM 1987 i Roma: Utslått i forsøka i 400 m hekk (57,23 =nr 18)

Politikk Moutawakel har hatt posisjonar i Det internasjonale friidrettsforbundet sidan 1995. Frå 1998 har ho vore medlem i Den internasjonale olympiske komitéen, styremedlem frå 2012. I 2007 vart Moutawakel utnemnd til sportsminister i Marokko.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Nawal El Moutawakel» frå , den 28. mai 2018.

Bakgrunnsstoff World Athletics

Kategori:Marokkanske friidrettsutøvarar Kategori:Hekkeløparar Kategori:Marokkanske politikarar Kategori:Olympiske meistrar for Marokko Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1984 Kategori:Marokkanske deltakarar under sommar-OL 1984 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1984 Kategori:Medlemmar i Den internasjonale olympiske komitéen