Smiler er det femte soloalbumet til Rod Stewart og det siste han gav ut for Mercury Records, gjeve ut i 1974. Det var den første albumet til Rod Stewart som soloartist som fekk dårleg omtale av kritikarane. Sjølv om det gjekk til topps på den britiske albumlista, nådde det berre 13. plassen i USA. Albumet vert stort sett rekna for å vere lite spanande og meir av det han alt hadde gjeve ut før, inkludert coverlåtar av Chuck Berry, Sam Cooke og Bob Dylan, i tillegg til ein duett med Elton John på John-songen «Let Me Be Your Car». Stewart spelte òg Carole King sin «(You Make Me Feel Like) A Natural Woman» der 'Woman' var byta ut med 'Man'. Denne songen vart særleg latterleggjort av kritikarane.Superseventies Utgjevinga av albumet vart heldt attende fem månader på grunn av kontraktsproblem mellom Mercury Records og Warner Bros. Records.
Musikarane som spelte på albumet var medlemmar frå bandet til Stewart, Faces, og samarbeidspartnarar han hadde spelt ein del med før, Martin Quittenton (gitar), Pete Sears (bass & klaverinstrument) og Mickey Waller (trommer).
Innhald
Ei CD-samling frå 1991 kalla Back 2 back – 2 for 1 kombinerte Smiler med Gasoline Alley, men spor 2, 9 og 10, mangla då frå denne samlinga.
Medverkande Rod Stewart – vokal Elton John – vokal, piano (på «Let Me Be Your Car») Ronnie Wood – akustisk & elektrisk gitar, bass Paul McCartney – korvokal (på «Mine for Me») Pete Sears – piano, cembalo, Celeste Rick Grech – fiolin Ray Jackson – mandolin Ian McLagan – organ The Memphis Horns Irene Chanter – korvokal Ray Cooper – perkusjon Spike Heatley – bass Andy Newmark – trommer Dick Powell – fiolin Martin Quittenton – akustisk gitar Tropic Isles Steel Band – steeltrommer Micky Waller – trommer Willie Weeks – bass Kenney Jones – trommer Chris Barber's Jazz Band
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Smiler av Rod Stewart» frå , den 1. juni 2018. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Musikkalbum frå 1974 Kategori:Rod Stewart-album Kategori:Mercury Records-album Kategori:Album spelte inn i Morgan Sound Studios