Carla Cristina Paquete Sacramento () er ein portugisisk tidlegare friidrettsutøvar frå São Sebastião da Pedreira som vart verdsmeister på 1500 meter i 1997 og tok bronsen på distansen i VM 1995.

Aktiv Sacramento var mellomdistanseløpar og satsa i yngre år både på 800 m og 1500 m. Frå 1995 konsentrerte ho seg mest om 1500 m og vart ved innandørs-VM nummer to på den distansen, slått av Regina Jacobs frå USA. Eit lite halvår seinare tok ho bronsemedaljen på 1500 meter ved friidretts-VM 1995 i Göteborg, bak verdsmeister Hassiba Boulmerka frå Algerie og Kelly Holmes frå Storbritannia.

Under den neste verdsmeisterskapen i friidrett, i Aten den 5. august 1997, vann Sacramento 1500-meterløpet etter å ha slått Regina Jacobs, sveitsiske Anita Weyermann og spanske Maite Zúñiga I spurten. Ei veke seinare sette ho I Zürich personleg rekord på 800 meter med 1.58,94. 8. august 1998 sprang Sacramento sitt livs beste 1500 m då ho i eit stemne i Monaco vart klokka inn på 3.57,7. Ved europameisterskapen i Budapest to veker seinare hadde ho likevel lite å stille opp mot russiske Svetlana Masterkova i innspurten på 1500 m og måtte ta til takke med sølvmedaljen.

Både ved verdsmeisterskapen 1999 og den neste i 2001, kjempa Sacramento lenge om å sikre seg ein medalje på 1500 m. I Sevilla i 1999 vart ho nummer fem og i Edmonton kom ho på fjerdeplass.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap OL 1992 i Barcelona: Utslått i semifinalane på 800 m (2.02,85=nr 14) og 1500 m (4.05,5 =nr 18) VM 1993 i Stuttgart: Nr 11 på 1500 m – 4.09,1. Utslått i forsøka (2.03,74 =nr 26) EM 1994 i Helsinki: Nr 6 på 800 m – 2.00,01 og 1500 m – 4.20,6 VM 1995 i Göteborg: Bronsemedalje på 1500 m – 4.03,7 OL 1996 i Atlanta: Nr 6 på 1500 m – 4.03,9 VM 1997 i Aten: Gullmedalje på 1500 m – 4.04,2, framom Regina Jacobs (4.04,6) EM 1998 i Budapest: Sølvmedalje – 4.12,6, bakom Svetlana Masterkova (4.11,9) VM 1999 i Sevilla: Nr 5 på 1500 m – 4.01,2 OL 2000 i Sydney: Nr 10 på 1500 m – 4.11,1 VM 2001 i Edmonton: Nr 4 på 1500 m – 4.03,9 EM 2002 i München: Nr 12 på 1500 m – 4.17,0 VM 2003 i Paris: Utslått i semifinalane på 1500 m (4.13,1 =nr 21) OL 2004 i Aten: Utslått i semifinalane på 1500 m (4.10,8 =nr 22)

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Carla Sacramento» frå , den 12. juni 2018.

World Athletics

Kategori:Portugisiske friidrettsutøvarar Kategori:Mellomdistanseløparar Kategori:Portugisiske deltakarar under sommar-OL 1992 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1992 Kategori:Portugisiske deltakarar under sommar-OL 1996 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1996 Kategori:Portugisiske deltakarar under sommar-OL 2000 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2000 Kategori:Portugisiske deltakarar under sommar-OL 2004 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2004 Kategori:Folk frå Lisboa