Schwertberg er ein kommune (Marktgemeinde) i Distriktet Perg i forbundslandet Oberösterreich i Austerrike. Kommunen har ei flatevidd på 18,8 km² og i kring 5 300 ibuarar. 54% av arealet vert nytta til landbruk, 32% er dekt av skog. Marknadsbyen Schwertberg ligg 268 meter over havet, seks kilometer nordvest om distriktshovudstaden Perg.

Den største kaolin-produsenten i Austerrike, Kamig, heldt til i Schwertberg.

mini|venstre|Schwertberg-slottet.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Schwertberg» frå , den 5. juli 2018.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Oberösterreich