Ronald Weigel () er ein tysk tidlegare friidrettsutøvar frå Hildburghausen i delstaten Thüringen som i 1983 vart verdsmeister i 50 km kappgang. Sidan vann han sølvmedaljar på 50 km ved VM 1987 og både på 20 km og 50 km under Sommar-OL 1988, til sist fekk han OL-bronse på 50 km i 1992. Weigel representerte Aust-Tyskland til 1990, frå 1991 det samla Tyskland.
Weigel vann gullmedaljen i 50 km kappgang under den fyrste verdsmeisterskapen i friidrett i Helsinki i 1983. Fire år seinare kjempa han iherdig med å forsvare VM-tittelen på distansen då VM 1987 fann stad i Roma, men måtte sjå seg frågått av landsmanen Hartwig Gauder. Året etter gjekk Weigel inn til sølvmedaljar i begge kappgangøvingane under dei olympiske sommarleikane i Seoul, på 20 km kom han i mål tre sekundar bak gullmedaljør Jozef Pribilinec frå Tsjekkoslovakia, medan han på 50 km vart slått med 27 sekundar av den olympiske meisteren, Vjatsjeslav Ivanenko frå Sovjetunionen. I dei neste somnmarleikane, i Barcelona i 1992, sikra han seg bronsemedaljen på 50 km.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap VM 1983 i Helsinki: Gullmedalje på 50 km – 3.43.08, framom José Marín (3.43.42) VM 1987 i Roma: Sølvmedalje på 50 km – 3.41.30, bakom Hartwig Gauder (3.40.53) OL 1988 i Seoul: Sølv på 20 km – 1.20.00 og på 50 km – 3.38.56 EM 1990 i Split: Nr 9 på 50 km – 4.04.36 OL 1992 i Barcelona: Bronsemedalje på 50 km – 3.53.45
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Ronald Wigel» frå , den 6. august 2018.
Wolrd Athletics
Kategori:Tyske kappgjengarar Kategori:Verdsmeistrar i friidrett Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Aust-Tyskland Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Tyskland Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1988 Kategori:Austtyske deltakarar under sommar-OL 1988 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1988 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1992 Kategori:Tyske deltakarar under sommar-OL 1992 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1992 Kategori:Tyske deltakarar under sommar-OL 1996 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1996 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 1983 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 1987