Alonzo Carl Babers () er ein USA-amerikansk tidlegare friidrettsutøvar frå Montgomery i delstaten Alabama som i 1984 vart olympisk meister på 400 meter og i 4 x 400 meter stafett.
Babers sprang den fyrste etappen for USA i 4 x 400 m stafett under verdsmeisterskapen 1983 i Helsinki, der laget hans vart nummer seks. Året etter kvalifiserte han seg til Sommar-OL ved å sette personleg rekord på 400 meter i OL-uttakinga med tida 44,75 sekundar. I OL-finalen i Los Angeles forbetra han den personlege rekorden til 44,27 og vann ein klar siger framom Gabriel Tiacoh frå Elfenbeinskysten som kom i mål på 44,54. Sidan i leikane tok Babers seg av den tredje etappen då han og lagkameratane Sunder Nix, Ray Armstead og ankermann Antonio McKay vann stafettgull på tida 2.57,9, vel sekundet føre Storbritannia på sølvplass.
Ein månad etter Sommar-OL 1984 var over, byrja Babers å utdanne seg til flygar i USA sitt flyvåpen. Frå 1991 var han flygar i sivil luftfart.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Alonzo Babers» frå , den 21. august 2018.
World Athletics
Kategori:Sprintarar frå USA Kategori:Olympiske meistrar for USA Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1984 Kategori:USA-amerikanske deltakarar under sommar-OL 1984 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1984 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 1983 Kategori:Folk frå Montgomery