Living the Blues er det tredje studioalbumet av Canned Heat. Det er eit dobbeltalbum som kom ut 1. november 1968. Det var eit av dei første dobbeltalbuma som gjekk inn på den amerikanske albumlista. Det inneheld signaturlåten til Canned Heat, «Going Up the Country», som seinare vart nytta under introen til filmen Woodstock. John Mayall spelte piano på «Walking by Myself» og «Bear Wires». Dr. John spelte på «Boogie Music». Den 20 minuttar lange «Parthenogenesis» dekkjer heile side to av albumet, men er ikkje den lengste songen. Konsertopptaket av «Refried Boogie» varer over 40 minuttar og er delt i to for å få plass på side tre og fire av albumet.

Innhald Side ein «Pony Blues» (Charlie Patton) – 3:48 «My Mistake» (Alan Wilson) – 3:22 «Sandy's Blues» (Bob Hite) – 6:46 «Going Up the Country» (Wilson) – 2:50 «Walking by Myself» (Jimmy Rogers) – 2:29 «Boogie Music» (L.T. Tatman III) – 3:00 «Tell Me Man Blues» (innspeling frå 1929 av Henry Sims) – 0:15

Side to «One Kind Favor» (Lemon Jefferson) – 4:44 «Parthenogenesis» (Canned Heat) – 19:57 I Nebulosity II Rollin' and Tumblin' III Five Owls IV Bear Wires V Snooky Flowers VI Sunflower Power (RMS Is Truth) VII Raga Kafi VIII Icebag IX Childhood's End

Side tre «Refried Boogie (Part I)» (Canned Heat) (konsertopptak) – 20:10

Side fire «Refried Boogie (Part II)» (Canned Heat) (konsertopptak) – 20:50

Medverkande Canned Heat Bob Hite – vokal Alan Wilson – slidegitar, vokal, munnspel, munnharpe (spor 2.I, 2.II, 2.IX), kromatisk munnspel (spor 2.VIII) Henry Vestine – sologitar Larry Taylor – bass, conga (spor 2.V) Adolfo de la Parra – trommer

Andre musikarar Dr. John – blåsearrangement, piano (spor 6) Miles Grayson – blåsearrangement (spor 3) John Fahey – gitar (spor 2.I) John Mayall – piano (spor 5 & 2.IV) Jim Horn – fløyte (spor 4) Joe Sample – piano (spor 3)

Produksjon Rich Moore – lydteknikar Ivan Fisher – assisterande lydteknikar Skip Taylor – produsent Canned Heat – produsent

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Living the Blues» frå , den 26. august 2018. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Musikkalbum frå 1968 Kategori:Canned Heat-album Kategori:Liberty Records-album