Sankt Petri kyrkje (ofte kalla Petrikyrkja) er ei langkyrkje i telgstein i Stavanger kommune i Rogaland fylke. Kyrkja står ved enden av Nytorget, like innmed Hospitalsgata. Ho vart oppført i 1864–66 som den første kyrkja i byen etter domkyrkja etter at det vart vedteke å dele soknet i 1860. Kyrkja vart omfattande restaurert i 2004–2008.
Kristusstatuen Kyrkja har ikkje ei tradisjonell altartavle, men ein kopi av Bertel Thorvaldsen sin kristusstatue i Vor Frue kyrkje i København har stått på ein sokkel i kyrkja sidan ho var ny. Tidlegare stod statuen i domkyrkja. Arkitekten hadde sett for seg ein statue av apostelen Peter, men ein slik kom aldri på plass i kyrkja.
Diverse I tillegg til gudstenester vert kyrkja mykje nytta som konsertarena.
Kjelder Erling Jensen: St. Petri kirke St. Petri kirke, Stavanger på Kyrkjesøk
Bakgrunnsstoff
Kategori:Kyrkjer i Stavanger Kategori:Kyrkjer i Stavanger Domprosti Kategori:Kulturminne i Stavanger Kategori:Norske kyrkjer frå 1866