Ein korrespondent (av fransk correspondre) er ein journalist som jamleg sender artiklar eller reportasjar til arbeidsgjevaren sin.

Ein korrespondent kan arbeida for ei avis, radio, fjernsyn eller eit nyhendebyrå, og dekka eit visst område permanent eller i eit avgrensa tidsrom. Ein korrespondent kan vera fast tilsett eller ha ei lausare tilknyting til medieføretaket. «Stringer» er ei alminneleg nemning på ein frilanskorrespondent.

I Noreg har større medieforetak som NRK og Aftenposten fleire korrespondentar i utlandet.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Korrespondent» frå , den 22. september 2018.

Kategori:Journalistikk Kategori:Franske ord og uttrykk