mini|Den viktigaste handlegata i Ernakulams, Broadway, går i bru over denne kanalen. Ernakulam er bysentrumet i Kochi i Kerala i India, og har gjeve namn til Ernakulam distrikt. Viktige institusjonar og verksemder, som høgsteretten i Kerala, administrasjonen til Kochi Municipal Corporation og det største skipsverftet i India, Cochin Shipyard, ligg her.

Ernakulam var tidlegare administrasjonssenter i Ernakulam distrikt, men dette vart seinare flytt til Kakkanad. I tidlegare tider var byen hovudstad i fyrstedømet Cochin. Byen ligg 220 km nordvest for hovudstaden Thiruvananthapuram.

mini|Høgsteretten i Kerala ligg i Ernakulam.

Historie

Tidleg historie Det har budd menneske i Ernakulam-området sidan steinalderen, noko ein kan sjå spor av gjennom steinstøtter og hòler ein kan sjå fleire stadar i Ernakulam.

Før kolonitida I oldtida og mellomalderen var det betydeleg handel mellom dei Kerala og verda utanfor Kerala. Den tidlege politiske historia til Ernakulam var knytt til Tsjera-dynastiet under sangamtida, som styrte over store delar av Kerala og Tamil Nadu. Etter tsjeratida låg området under kongeriket Cochin.

Koloniperioden Ernakulam var hovudstad i Cochin State. I den første folketeljinga i 1911 hadde Enakulam 21 901 innbyggjarar, kor 11 197 hinduar, 9 357 kristne, 935 muslimar og 412 jødar.

Geografi Ernakulam ligg i Ernakulam-distriktet i det sentrale Kerala i India. Høgda over havet er snaue 5 meter.

Klima Etter Köppen si klimaklassifisering har Ernakulam tropisk monsunklima. Sidan regionen ligg sørvest i Kerala har det tropiske klimaet, med minimale temperatursvingingar i løpet av døgnet, året igjennom. Sommaren varer til mai og vert etterfølgt av aust-vest-monsunen frå juni til september. I oktober og november kjem ettermonsunen («retreating monsoon»). Vinteren varer frå desember til februar, og er noko kjøligare på grunn av vinden frå Dei vestlege Ghatfjella.

Gjennomsnittleg årleg nedbør er 3 000 mm. Sørvest-monsunen kjem vanlegvis i midten av mai. Etter juli minkar regnet. I gjennomsnitt har Ernakulam 124 regnversdagar i året. Gjennomsnittleg temperatur om sommaren er 33° C, medan lågaste minimumstemperatur er notert til 22,5° C. Maksimumstemperaturen om vinteren er 29° C, minimumstemperaturen er 20° C.

Økonomi Ernakulam er eit økonomisk senter i Kerala. Cochin hamn og Cochin skipsverft har akselerert veksten i byen. I utkanten av Ernakulam ligg teknologi-distriktet Infopark, Kochi og IT-distriktet SmartCity, Kochi. Turisme har òg bidrege sterkt til vekst på staden.

Det indisk-norske fiskerisamarbeidet I åra 1953 til 1972 var Noreg, gjennom Norsk utviklingshjelp, no Norad, involvert i utvikling av fiskeria og modernisering av den lokale fiskeriflåten. Det vart etablert eit utviklingsprosjekt som sidan har vorte namngjeve som fiskeriprosjektet i Kerala. Hovudkvarteret til prosjektet låg først i Neendakara, men vart flytta til Erakualam i 1961. I Ernakulam vart det då bygd is-fabrikk, vedlikehaldsverkstad, kaianlegg og opphalingsslipp på Foreshore Road. I løpet av dei elleve åra prosjektet var i verksemd i Ernakulam vart det investert om lag 120 millionar kroner.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Ernakulam» frå , den 20. september 2018.

Kategori:Kerala