Claude Garamond () var ein fransk fontskapar og kongeleg boktrykkar i Paris.
Garamond var sannsynlegvis lærling hos fontmakaren Antoine Augereau. Seint på 1520-talet vart Claude Garamond kontakta av parisaren og boktrykkaren Robert Estienne, som ønskte ein font i antikva. Desse typane vart sett for første gong i Paraphrasis inn Elegantiarum Laurentii Vallae. Claude Garamond sine former er ei vidareutvikling av typane skapa av Aldus Manutius i Bologna, kalla Griffo. Matrisene og patrisene til Garamond finst no i Plantin-Moretus Museum i Antwerpen og dessutan ved Imprimerie nationale i Paris.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Claude Garamond» frå , den 29. september 2018. oppgav desse kjeldene:
Svensk forslagsbok, Malmö 1932
Kategori:Folk frå Paris Kategori:Franske boktrykkarar