Richard John Parfitt () var ein engelsk musikar, mest kjend som songar, låtskrivar og rytmegitarist med rockebandet Status Quo.

Parfitt byrja karrieren sin tidleg i 1960-åra og spelte på pubar og ferieleirar. Han vart med i Status Quo i 1967 då dei var på utkikk etter ein ekstra songar. Han skreiv songar for bandet og vart verande bandmedlem i 49 år. Han var stundom gjesteartist for andre band, og spelte inn eit soloalbum som aldri kom ut i 1985. I 2016 tok Parfitt ein pause frå bandet då han vart sjuk, og døydde julaftan det året. Det einaste soloalbumet hans, Over and Out, kom ut posthumt i 2018.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Rick Parfitt» frå , den 2. oktober 2018. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Status Quo si offisielle nettside Minneord: Rick Parfitt frå BBC News

Kategori:Døde av sepsis Kategori:Engelske songarar Kategori:Engelske rockegitaristar Kategori:Musikarar frå Surrey Kategori:Order of the British Empire Kategori:Folk frå Woking Kategori:Status Quo-medlemmar Kategori:Engelske låtskrivarar Kategori:Rytmegitaristar