«Down Down» er ein song av det engelske rockebandet Status Quo, skriven av Francis Rossi og Bob Young. Songen kom ut på singel og var dne einaste singelen deira som gjekk heilt til topps på UK Singles Chart, der han låg ei veke i januar 1975. Singelen kom ut 29. november 1974 på Vertigo med B-sida «Nightride». Begge songane kom frå albumet On the Level, som ikkje var komen ut enno. Albumversjonen er over fem minuttar lang, medan singelversjonen er opp under fire minuttar.

Songen heitte opphavleg «Get Down», men dette vart endra før singelen kom ut, kanskje for å unngå forveksling med Gilbert O'Sullivan-songen med same namn.

Mot slutten av livet sitt var DJ John Peel kjend for å spele «Down Down» som ein del av DJ-settet sitt.

I 1986 spelte medlåtskrivaren Bob Young inn ein countryaktig versjon av «Down Down» på soloalbumet In Quo Country.

I 2014 vart songen spelt inn på ny av bandet for det 31. studioalbumet deira, Aquostic (Stripped Bare).

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Down Down» frå , den 4. oktober 2018. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:Singlar frå 1975 Kategori:Nummer-ein-singlar i Storbritannia Kategori:Status Quo-songar Kategori:Songar skrivne av Francis Rossi Kategori:Songar skrivne av Bob Young Kategori:Songar frå 1975 Kategori:Vertigo Records-singlar