Oslo tingrett er tingretten i Oslo med lokale i Oslo tinghus. Rettskretsen omfattar Oslo kommune og fagkretsen omfattar sivile tvistemål, forvaltning og straffesaker. Ankedomstolen er Borgarting lagmannsrett.

Oslo tingrett er den største domstolen i Noreg. Her vert omtrent ein femtedel av alle sivile tvistemål og straffesaker i landet handsama. Tingretten er delt i åtte rettsavdelingar med avdelingsleiarar. I tillegg er han ei administrasjonsavdeling med direktør. I 2009 vart det handsama over 10 800 saker i retten. Dei fordelte seg på 3 110 straffesaker (meddomsrett), 5 034 einedommarsaker og 2 661 sivile saker. I 2011 hadde Oslo tingrett ei bemanning på kring 200 årsverk, av dette 72 dommarar og 21 dommarfullmektigar og 85 saksarbeidarar.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Oslo tingrett» frå , den 10. oktober 2018.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Skipingar i 1866 Kategori:Styresmakter i Oslo Kategori:Tingrettar i Noreg