portrett|mini|Nordahl Grieg «17. mai 1940» er eit nasjonalpatriotisk dikt skrive av Nordahl Grieg i maidagane 1940. Det er betre kjend som «I dag står flaggstangen naken…» etter første linje i diktet.
Diktet blei kjend då Grieg sjølv las det opp over radio ved NRK sin radiostasjon i Tromsø på nasjonaldagen i 1940. Tromsø radio var då den einaste frie radiostasjonen i Noreg, medan resten var under Noreg under andre verdskrigentysk kontroll. Diktet fekk stor haldningsskapande tyding sommaren 1940.
Diktet blei skrive i lugaren på ei av fiskeskøytene som frakta store delar av Norges Bank sitt gull frå Oslo via Åndalsnes og Frøya til Tromsø.froyaframtid.no: Frøya inn i framtida
«17. mai 1940» blei trykka i diktsamlinga Friheten, som første gong kom ut i Reykjavík i 1943. Diktet blei omsett til engelsk av professor Henrietta Koren Naeseth ved Augustana College, og fekk på engelsk tittelen We Shall Come Again.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «17 mai 1940» frå , den 7. april 2019.
Bakgrunnsstoff «17 mai 1940» i Friheten ved nb.no Teksten til diktet (arkivert nettstad) 17 mai 1940 lese opp av av Nordahl Grieg
Kategori:Noreg under andre verdskrigen Kategori:Norske dikt Kategori:Nordahl Grieg Kategori:Kultur i 1940