Joan er eit studioalbum frå 1967 av Joan Baez. Etter å ha spelt dei fleste vanlege, tradisjonelle visene fram til 1967, samarbeidde Baez her med komponisten Peter Schickele (som ho hadde arbeidd med på julemusikkalbumet Noël året før), på eit album av orkestrerte songar, hovudsakleg coverversjonar av då moderne pop- og rock and roll-songar. Albumet inneheld songar av Donovan, Paul Simon, Tim Hardin, The Beatles og Richard Fariña, i tillegg til songar av Jacques Brel og Edgar Allan Poe.

Innspelinga av «Children of Darkness» var ei hyllest til svogeren hennar, romanforfattaren og musikaren Richard Fariña, som hadde omkomme i ei motorsykkelulukke eit år tidlegare.

«La Colombe» er ein fransk antikrigssong om franske soldatar som vert sendte til krigen i Algerie.

I 2003 gav Vanguard ut albumet på ny med to bonusspor: «Oh, Had I a Golden Thread» og «Autumn Leaves».

Plateomslaget I følgje notata i omslaget til 2003-utgåva vart biletet av Baez teken medan ho låg. Biletet vart så snudd nitti grader slik at det ser ut som om ho står eller sit oppreist. Biletet vart teke av den franske fotografen Alain Gaveau,Joan album credits Joan Baez discography. Accessed 20. februar 2017. som ho hadde eit romantisk forhold til på den tida. Han tok òg bilete for det førre albumet hennar, Noel, og boka Daybreak.Joan Baez, And A Voice to Sing With: A Memoir, Simon and Schuster, 2012, p. 129 (via Google Books) Accessed 20. februar 2017.

Innhald

Medverkande Joan Baez – vokal, gitar Peter Schickele – arrangør, dirigent

Salslister ÅrListePlassering1967Billboard Pop Albums38

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Joan (album)» frå , den 16. oktober 2018. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Musikkalbum frå 1967 Kategori:Joan Baez-album Kategori:Album produserte av Maynard Solomon Kategori:Vanguard Records-album