David's Album er eit studioalbum av Joan Baez frå 1969, spelt inn i Nashville. Det var det 11. albumet Baez hadde gjeve ut til då. Albumet nådde 36. plassen på Billboard Pop Albums-lista.
Historie Den dåverande ektemannen til Baez, David Harris, som var ein countryfan, var i ferd med å bli fengsla for å ha nekta militærteneste, og ho spelte inn albumet som ei gåve til han. Songane vart spelte inn under den same innspelinga som det førre albumet til Baez, som bestod av Bob Dylan-songar, Any Day Now.
Plateomslaget er ei teikning Baez teikna av David Harris.
Vanguard gav ut albumet på ny i seinare år med to bonusspor, «How Can I Miss You», ein duett med syster til Baez, Mimi Fariña, og Tom Paxton sin «The Last Thing on My Mind.»
Mottaking
I meldinga si for Allmusic, skreiv Bruce Eder om albumet at «synginga og spelinga held framleis mål. Baez sette til side skarpheita ho stundom hadde her til fordel for ei avslappa framføring der ho er på sitt mest vinnande i karrieren sin. David's Album har overgått opphavet sitt, dels på grunn av det varierte materialet. David Harris er for lengst ute av fengsel, og han og Baez gjekk frå kvarandre, men dette er framleis eit glimrande album.»
Innhald
Medverkande Joan Baez – vokal, gitar Fred Carter jr. – mandolin Pete Drake – pedalsteelgitar Johnny Gimble – fele Roy Huskey jr. – bass Tommy Jackson – fele Jerry Kennedy – gitar Jerry Reed – gitar Harold Bradley – gitar, dobro Hargus «Pig» Robbins – piano Harold Rugg – gitar, dobro Grady Martin – gitar Buddy Spicher – fele Norbert Putnam – bass Kenny Buttrey – trommer
Salslister Liste (1969)Plassering
Salstrofé
Kjelder Denne artikkelen bygger på «David's Album» frå , den 18. oktober 2018. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Musikkalbum frå 1969 Kategori:Joan Baez-album Kategori:Album produserte av Maynard Solomon Kategori:Vanguard Records-album