Með suð í eyrum við spilum endalaust (IPA: [mɛð ˈsʏːð i ˈeiːrʏm vɪð ˈspɪːlʏm ˈɛntaløyst], Med brus i øyro spelar vi endelaust) er det femte studioalbumet åt det islandske post rock-bandet Sigur Rós.
Alle songtekstene skulle opphavleg vera på engelsk, men når alt kom til alt fann bandet ut at islandsk var meir naturleg for dei. Nokre tekster vart omsette attende til islandsk medan andre songar fekk heilt ny tekst. Det er det fyrste albumet med ein song på engelsk, nemleg «All Alright».
Musikken er meir leiken enn på dei fyrste albuma deira. Dei tek mellom anna i bruk meir tradisjonelle gitarmelodiar og akustiske instrument.
Albumcoveret er eit bilete av Ryan McGinley kalla "Highway". Opphavleg skulle Olafur Eliasson laga coveret, som ville vore fyrste gongen dei gav arbeidet med albumcover til ein kunstnar utanfor bandet, men dei var misnøgde med arbeidet hans og laga det sjølve på grunnlag av fotografiet.
Sporliste
Personar Jón Þór Birgisson – vokal, gitar Kjartan Sveinsson – keyboard Georg Hólm – bass Orri Páll Dýrason – trommer
Strengeinstrument: Amiina (på spor 2,3,4,5,8 og 9, spela inn i stova hans Kjartan Sveinsson og i Langholtskirkja) Hildur Ársælsdóttir Edda Rún Ólafsdóttir Maria Huld Markan Sigfúsdóttir Sólrún Sumarliðadóttir
Messingblåsarar (på spor 2, 4 and 11) spela av: E. Friðfinnsson Helgi Hrafn Jónsson I.G. Erlendsson K. Håkonarson Samúel Jón Samúelsson S. Sigurðarson S.J. Bernharðsson
Tamburin, klapping og andre lydar ved Siggi Frendi, Höddi Gunni, John Best, Sunray og Breeze.
"Ára bátur" vart spela inn live i Abbey Road Studios med London Sinfonietta og koristar frå London Oratory School Schola. Regissert av D. Bjarnason, og Andy Dudman stod for teknikken.
Fotografi av Ryan McGinley.
Salsliste Salsliste for 2008ØvsteplasseringDen australske albumlista14Den belgiske albumlista (Flanders)4Den nederlandske albumlista21Den finske albumlista7Den tyske albumlista26Den islandske albumlista1Den irske albumlista4Den japanske albumlista22Den italienske albumlista13Norske VG-lista7 Den polske albumlista 43Den svenske albumlista29Den sveitsiske albumlista8US Billboard 20015UK Albums Chart5
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Með suð í eyrum við spilum endalaust» frå , den 1. juni 2019. Den engelske artikkelen oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Með suð í eyrum við spilum endalaust på Last.fm UK microsite to promote Með suð í eyrum við spilum endalaust Press release på SigurRos.com
Kategori:Musikkalbum frå 2008 Kategori:Sigur Rós-album Kategori:Islandskspråklege album Kategori:Islandske musikkalbum