For øya kommunen har fått namn etter, sjå øya Dønna.
Dønna er ein kommune på Helgeland i Nordland fylke.
Dønna kommune vart oppretta i 1962 ved at Nordvik kommune og Dønnes kommune vart slegne i hop. Sidan vart òg Åkvika i Herøy overført til Dønna, slik at kommunen no omfattar heile øya Dønna og nokre øyar aust og vest for hovudøya. Dei største av desse er Løkta med ferjeleiet Kopardal og Vandved.
Dønna har ferjesamband til Sandnessjøen frå Bjørn. Øya er òg knytt til nabokommunen Herøy med bru over Åkviksundet.
Kjende dønnværingar Åsmund Grankjellson (ca. 1000-1050), sysselmann. Pål Vågaskalm (d. 1245), hirdmann Geble Pederson (ca. 1490-1557), Noregs første protestantiske biskop (superintendent) Preben von Ahnen (1606-1675), Lensherre Amtmann Peder Christophersen Tønder (1641-1694) Isach Jørgen Coldevin (1724-1793), godseigar og militær. John Klæboe (1839-1874), lærar, diktar og målmann Ole Edvart Rølvaag (1876-1931), professor og forfattar Anton Christian Bang (1840-1913), biskop, kyrkjehistorikar og statsråd Fredrikke Tønder-Olsen (1856-1931), kvinnesakskvinne. Axel Coldevin (1900-1992), professor og forfattar Steinar Bastesen (f. 1945) politikar og stiftar av Kystpartiet Roy Jacobsen (f. 1954), forfattar Odd Eriksen (f. 1955), politikar og næringsminister Tobias Vang Sivertsen (f. 1990), politikar, leiar i Ungommens fylkesting i Nordland
Bakgrunnsstoff
Kategori:Helgeland Kategori:Kommunar i Nordland