Quadrophenia er eit filmmusikkalbum for filmen Quadrophenia frå 1979, som er basert på rockeoperaen Quadrophenia frå 1973 av The Who. Det vart først gjeve ut på Polydor Records i 1979. Albumet var dedisert til Peter Meaden, ein markant Mod og den første manageren til The Who, som døydde året før albumet kom ut.

Albumet inneheld ti av dei sytten spora frå den originale rockeoperaen Quadrophenia. Desse er forskjellige miksar enn dei som er på albumet frå 1973, sidan dei vart miksa på ny i 1979 av John Entwistle. Den mest markante skilnaden er på sporet «The Real Me» (nytta som tittelspor for filmen) som har eit anna basspor, meir markant vokal og ein meir endeleg slutt. Dei fleste spora er korta ned noko. Albumet inneheld òg tre spor av The Who som ikkje kom ut på albumet frå 1973: «Four Faces», «Get Out and Stay Out» og «Joker James». Sistnemnde var dei to første songane Kenney Jones spelte på med The Who etter å ha erstatta den avdøde Keith Moon.

Innhald Side ein «I Am the Sea»  – 2:03 «The Real Me»  – 3:28 «I'm One»  – 2:40 «5.15»  – 4:50 «Love Reign O'er Me»  – 5:11

Side to «Bell Boy»  – 4:55 «I've Had Enough»  – 6:11 «Helpless Dancer»  – 0:22 «Doctor Jimmy»  – 7:31

Side tre «Zoot Suit» (The High Numbers)  – 2:00 «Hi-Heel Sneakers» (Cross Section)  – 2:46 «Get Out and Stay Out»  – 2:26 «Four Faces»  – 3:20 «Joker James»  – 3:13 «The Punk and the Godfather»  – 5:21

Side fire «Night Train» (James Brown)  – 3:38 «Louie Louie» (The Kingsmen)  – 2:41 «Green Onions» (Booker T. & the M.G.'s)  – 2:46 «Rhythm of the Rain» (The Cascades)  – 2:28 «He's So Fine» (The Chiffons)  – 1:52 «Be My Baby» (The Ronettes)  – 2:30 «Da Doo Ron Ron» (The Crystals)  – 2:09

Salslister Album ÅrListePlassering1979Billboard Pop Albums461979UK Chart Albums23

Medverkande Roger Daltrey – solovokal Pete Townshend – gitar, klaverinstrument, synthesizer, solo- og korvokal John Entwistle – bass, blåsarar, korvokal Keith Moon – trommer, felles solovokal on «Bell Boy» Kenney Jones – trommer on «Get Out and Stay Out» and «Joker James»

Teknisk John Entwistle – Musikalsk leiar Mike Shaw – musikk-koordinator Dave «Cyrano» Langston – innspeling og nymiksing Ommastra (2018) av Jon Astley

Design Cover av Richard Evans Fotografi av Frank Connor Koordinering av Chris Chappel

Kjelder

<div class="references-small"> Denne artikkelen bygger på «Quadrophenia (soundtrack)» frå , den 8. oktober 2019. oppgav desse kjeldene:

Kategori:The Who-album Kategori:Filmmusikkalbum frå 1979 Kategori:Polydor Records-album