Vjatjeslav Aleksandrovitj Fetisov () er ein russisk tidlegare ishockeyspelar og politikar frå Moskva. Med Sovjetunionen sitt landslag i ishockey vann han sju VM-gull og to OL-gull i tida 1978-90. Fetisov var idrettsminister 2002-08 under presidentstyret til Vladimir Putin.
Fetisov vert rekna som ein av dei beste forsvarsspelarane i ishockeyhistoria. Han spelte for ishockeyklubben CSKA Moskva frå 1976 til 1989, eit lag han vart sovjetmeister med 13 år i rad. Deretter spelte han i National Hockey League i Nord-Amerika til 1998, perioden 1989-94 på New Jersey Devils. Sidan var han frå 1994 til -98 Detroit Red Wings-spelar, ein klubb han vann Stanley Cup med i 1997 så vel som i 1998.
Fetisov var lagkaptein for det sovjetiska ishockeylandslaget i mange år. Han deltok i ishockey-VM fyrste gongen i 1977 og siste gongen 1991. Verdsmeister vart han i 1978, 1981-83, 1986, 1989 og 1990 og olympisk meister i 1984 og 1988.
I 2002 vart Fetisov utnemd til idrettsminister i Russland. Dei neste seks åra sette han i verk ei storstilt utbbygginga av idrettsarenaer i Russland. År 2007 hadde han ei framståande rolle då Russland vart tildelt dei olympiske vinterleikane 2014 i Sotsji.
Sjå også CSKA Moskva
Kjelder <div class="references-small"> Denne artikkelen bygger på «Wjatscheslaw Alexandrowitsch Fetissow» frå , den 20. november 2019.
Kategori:Sovjetiske ishockeyspelarar Kategori:Russiske ishockeyspelarar Kategori:Olympiske medaljevinnarar i ishockey Kategori:Olympiske meistrar for Sovjetunionen Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Sovjetunionen Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1980 Kategori:Sovjetiske deltakarar under vinter-OL 1980 Kategori:Ishockeyspelarar under vinter-OL 1980 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1984 Kategori:Sovjetiske deltakarar under vinter-OL 1984 Kategori:Ishockeyspelarar under vinter-OL 1984 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1988 Kategori:Sovjetiske deltakarar under vinter-OL 1988 Kategori:Ishockeyspelarar under vinter-OL 1988