Seven Tears er det sjuande studioalbumet til det nederlandske rockebandet Golden Earring, gjeve ut i 1971. Albumet kom ikkje ut i USA.

Golden Earring heldt fram å utvikle ei særeigen blanding av hardrock og progressiv rock. Songen «This Is the Other Side of Life» opnar med ei baklengsmelding som seier «That is the other side of life» med nederlandsk aksent.

Albumet nådde andreplassen på den nederlandske albumlista.

Mottaking Allmusic skreiv om albumet: «Det største problemet denne gongen er at den dristige sjangerhoppinga ikkje alltid fører til sterke songar. Trass i dette syner Seven Tears at bandet er villig til å ta ein risk i å omforme kombinasjonen av dei forskjellige elementa til ein heilt unik stil. Når alkymien fungerer er resultatet ganske så bra. 'The Road Swallowed Her Name' blandar effektivt tunge gitarriff ala Black Sabbath med psykedeliske tekstar og perkusjon. Høgdepunktet på albumet er 'She Flies on Strange Wings', ein episk kunstrocksong som kombinerer heavy metal-aktige vers med meir flytande refreng og ein draumande midtre del som minnar sterkt om Pink Floyd.»

Innhald Alle songane er skrivne av Kooymans utanom der andre er nemnde.

Medverkande George Kooymans - gitar, vokal Rinus Gerritsen - bassgitar, klaverinstrument Barry Hay - fløyte, vokal Cesar Zuiderwijk - trommer

Teknisk Produsent: Fred Haayen Lydteknikar: Albert Kos og Pieter Nieboer Fotografi og design: Jan Bogaerts Innsidefotografi: Claude Van Heye

Kjelder

<div class="references-small"> Denne artikkelen bygger på «Seven Tears» frå , og «Seven Tears (album)» frå den 24. november 2019. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Golden Earring-album Kategori:Musikkalbum frå 1971 Kategori:Polydor Records-album