Ron McClure () er ein USA-amerikansk jazzbassist.

McClure byrja å spele i Buddy Rich Sextet i 1963. Han vart så med i bandet til Maynard Ferguson og sidan Herbie Mann i 1964; før han tok over rolla som bassist i Wynton Kelly Trio. Frå 1966 til 1969 var han medlem av kvartetten til Charles Lloyd med pianisten Keith Jarrett og trommeslagaren Jack DeJohnette, som vart stemt fram til «årets gruppe» i 1967 av magasinet Downbeat.

I 1970 var han med å skipe jazzrockgruppa The Fourth Way. Han spelte òg med Carla Bley og saksofonisten Joe Henderson. I 1974 vart McClure med i Blood, Sweat & Tears, der han var fram til 1975 og spelte på tre album med dei: Mirror Image, New City og In Concert.

I 1980-åra var han medlem av Quest. Han spelte òg inn eit album i lag med pianisten Michel Petrucciani. I 1990- og 2000-åra spelte McClure hovudsakleg med Lee Konitz, og så i ei ny utgåve av

Diskografi

Som leiar McJolt (SteepleChase, 1990) Never Forget (SteepleChase, 1991) Tonite Only (SteepleChase, 1991) Sunburst (SteepleChase, 1992) Inner Account (SteepleChase, 1993) Never Always (SteepleChase, 1995) Concrete Canyon (SteepleChase, 1996) Closer to Your Tears (SteepleChase, 1997) Pink Cloud (Naxos Jazz, 1997) Dream Team (SteepleChase, 1998) Double Triangle (Naxos Jazz, 1999) Soft Hands (SteepleChase, 2006) New Moon (SteepleChase, 2009) Mac Straight Ahead (American Showplace, 2010) Dedication (Steeplechase, 2011) Crunch Time (Steeplechase, 2012) Hello Stars (Audio & Video Labs, 2016)

Som sidemann Med Burak Bedikyan Leap of Faith (SteepleChase) Med Carla Bley Escalator over the Hill (JCOA, 1971) Med Paul Bley The Nearness of You (SteepleChase, 1989) Med George Cables Quiet Fire (SteepleChase, 1994) Med Stanley Cowell Sienna (SteepleChase, 1989) With Don Friedman Almost Everything (SteepleChase, 1995) Med Joe Henderson If You're Not Part of the Solution, You're Part of the Problem (Milestone, 1970) Med Lee Konitz Zounds (Soul Note, 1990) It's You (SteepleChase, 1996) Dig-It (SteepleChase, 1999) with Ted Brown Med David Liebman The Opal Heart (44, 1979) Doin' It Again (Timeless, 1979) If They Only Knew (Timeless, 1980) Med Charles Lloyd Love-In (Atlantic, 1967) Journey Within (Atlantic, 1967) Charles Lloyd in the Soviet Union (Atlantic, 1967) Soundtrack (Atlantic, 1968) Med Michel Petrucciani Cold Blues (OWL, 1985) Med Julian Priester Love, Love (ECM, 1973) Med George Russell Live in an American Time Spiral (Soul Note, 1983) Med Jarmo Savolainen First Sight (Timeless, 1992) True Image (A-Records, 1995) Med James Spaulding The Smile of the Snake (HighNote, 1997) Med Wynton Kelly Full View (Milestone, 1967)

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Ron McClure» frå , den 11. mai 2020. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Musikarar frå New Haven i Connecticut Kategori:USA-amerikanske kontrabassistar Kategori:Jazzmusikarar frå Connecticut Kategori:Blood, Sweat & Tears-medlemmar Kategori:The Fourth Way-medlemmar Kategori:Quest-medlemmar